Prosjekt i Zululand
I
samarbeid med Sogndal Rotaryklubb og Florø Rotaryklubb har Førte Rotary involvert
seg i eit prosjekt i Zululand, Sør-Afrika. Dette vert gjort i samarbeid med
lokale Rotaryklubbb og organisasjonen Zulufadder.
FORMÅLET ER Å TILBY PEDAGOGISK UTSTYR OG MATERIELL OG
TILBY OPPLÆRING TIL LÆRARANE.
«I år vil Gratton skole vere vertskap for to lærere fra Norge på utveksling samt en gruppe arkitektstudenter fra Oslo School of Architecture and Design som skal gjennomføre sin praktiske trening ved å designe og bygge fasiliteter på skolen. Førde Rotaryklubb deltek i å finansiere materialene til prosjektet deres. Dette gjer dette til et heilt norsk prosjekt!
Planen er få til Global Grant – finansiering i tillegg til støtte frå våre to klubbar.
Den 4.3.2019 vart det arrangert felles klubbmøte med Sogndal på Skei Hotel der vi vart orienterte om status og søknadsprosessen for finansiering. Det er rekna at Førde Rotaryklubb sitt bidrag vil ligge i området kr 40 – 50 000.
TRF-komiteen kom opp med framlegg om å arrangere ein middag i samarbeid med Mo og Øyrane vgs. der medlemane kunne invitere med gjestar og få betaling for middagen. Arrangementet vart gjennomført den 8.4.2019. I tillegg til god mat, fekk vi musikkinnslag ved Malgorzata og Bjørn Inge fortalde om sitt engasjement for Plan Norge på Filippinene. Inkludert loddsal fekk klubben inn rundt kr 15 000 på dette arrangementet.