Google
Kartdata ©2023
Kartdata ©2023

om Førde rotaryklubb - soge og verksemd

Etter førebuingsarbeid i 1964 og 1965 vart Førde Rotaryklubb offisielt stifta 8. mars 1966. Første president var distriktsveterinær Einar Ladehaug. Dei fyrste åra hadde klubben møta sine på Førde hotell. Då Sunnfjord hotell vart opna sist på 60-talet, flytta klubben møta sine dit.

Måndagsmøta

Klubben har i alle år hatt møta sine på måndagar. Tidspunktet er kl 1930 - 2030. Måndagsmøta er den viktigaste aktiviteten i klubben. Det er under møta at medlemane utviklar venskap og kjennskap til kvarandre - eigenskapar som er sentrale i Rotary. Møta gir også god informasjon om organisasjonen. I tillegg får medlemane informasjon om ting som rører seg innanfor dei mange yrkesgruppene som er representerte i klubben og om ting som er på gang i lokalsamfunnet, i landet vårt elles og i internasjonal samanheng.

Medlemsbladet

Klubben starta opp med eige medlemsblad alt ikring 1970. BODSTIKKA inneheld referat frå klubbverksemda og aktuelt rotarystoff. Klubben sitt "motiv" er hovudet på ein "fjording". Motivet finn ein på framsida av BODSTIKKA - og på klubben sin vimpel. Grunnen til dette motivet er den sterke stillinga som fjordhesten har i vårt distrikt. Bodstikka vart lagt ned for nokre år sidan. Redaktør og primus motor var Grunde Selås, som la ned eit stort arbeid med medlemsbladet. No brukar klubben elektronisk kommunikasjon gjennom m.a. heimesider og e-postutveksling.

Klubben har engasjert seg i mange lokale oppgåver fram gjennom åra. Vi nemner:

·         Initiativ til - og opparbeiding av - lysløypa på Langeland

·         Opparbeiding av parkeringsplass ved Masdalsgjerdet

·         Opparbeiding/tilplanting av allè langs Jølstra, "Rotaryparken"

·         Tiltak for å bevare/utbetre "Speidarhytta" ved Bekkjavatnet

·         Deltaking i dugnadsarbeid på "Den trondhjemske postvei"

·         Klubben deltek kvart år som hjelp under TV-aksjonen

·         Artistkontakt for Talent ved den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde

·         Internasjonale prosjekt – siste i Zululand saman med Sogndal Rotaryklubb

·         Hjelp med transport av eldre i samband med møte


Utvekslingsarbeid

Klubben har hatt ansvar for tre utvekslingsstudentar - ei jente og gut frå USA og ei frå Australia. Klubben har og sendt ut tre studentar, to jenter til USA og ei til New Zealand. Klubben har fleire gonger vore vertskap for "Rotary-ungdomsleir", sist sommaren 2023.

Klubben har teke i mot "gruppestudiegrupper", frå USA, sørlege Afrika, Australia, Japan, Nigeria, og Tyrkia. Medlemmane har opphelde seg i Førde nokre dagar. Klubben har hatt deltakarar på GSE (Group Study Exchange) i USA, India, Brasil, Nigeria, Japan, og Australia Klubben har og hatt gruppeleiar for GSE i Japan.

Distriktsguvernørar

Klubben har "levert" 4 guvernørar til D-2250. Det er Georg R. Thingvold (1981/82), Karl Magnar Lausund (1993/94), Grunde Selås (1998/99) og Jostein By (2015/2016). Klubben arrangerte "Distriktskonferansen" 1982, 1999 og 2015.

Klubben yter jamleg til Rotary Foundation. I 1999 var klubben på topp i distriktet. Klubben har utnemnd 6 medlemer, i tillegg til ein person utanfor klubben, til PHF (Paul Harris Fellows).