ROUND TRIP HAUSTEN 22
Førde rotary skal vere vertskap saman med andre klubber i distriktet for 10 ungdomar i alderen 15-18 år august 2022.
Ein vil ha eit opplegg med reise frå Bergen til Nordfjord og opphald der før vidare reise til Sogndal, Førde og Florø. Ungdomane sakl vere to dagar kvar stad og overnatting skjer hjå Rotarymedlemane. Vi gleder oss til å møte ungdom frå ulike land i verda og ynskjer dei velkomen til Vestland og Sogn og Fjordane.
Guvernørbesøk måndag 6. sept. 21
Klubben får i kveld besøk av den nye guvernøren Claus E. Feyling. Velkomen på Førde Camping og gjestehus kl. 19:30
Vi reiser til hundsrasta ved bekkjavatnet i tråd med tradisjonen.
OPPSUMMERING FRÅ ROTARYÅRET 2020-2021
Rotaryåret 2020-21 har vore sterkt prega av Koronasituasjonen. Året starta likevel som normalt med den årvisse turen til Hunsrasta, men vår årlege utflukt med bebuarane på Helsetunet måtte avlysast. Ut over hausten var det som vanleg program med varierte innslag, foredrag og bedriftsbesøk, men etter det godt besøkte møtet med Tore Storehaug 02.11 vart resten av programma I 2020 avlyst På nyåret 2021 starta vi forsiktig med medlemsmøte på Teams. Desse digitale møta fungerer, sjølv om mange saknar å treffast fysisk. Gjennom vinteren arrangerte vi tre interne klubbmøter og to digitale møter med eksterne foredragshaldarar. De kan nemnast at på eit av møta hadde vi gjest som deltok på Teams frå Oslo, (Arctic Mineral Resources),så det digitale gir også nye måtar å få med interessante foredragshaldarar.
Den årlege dugnaden i Rotaryparken og Sansehagen markerte «gjenåpninga» av å møtast fysisk og vart gjennomført som planlagt 10.05. Etter det har vi meir eller mindre hatt møter som normalt med innslag av Leon 31.05., (reise Jordan), og vi avslutta med besøk hos Frank-Rune der han bl.a. orienterte om arbeidet med den nye laksetrappa som nyleg vart opna av statsråd Sveinung Rotevatn. Begge var gode og interessante møter der vi gjerne kunne ha hatt fleire deltakarar.
I tillegg har mange av medlemane vore engasjert i arbeidet med å fylle opp den svære containaren med sjukehusutstyr til Filippinene. På kalde vinterkveldar har vi klart å halde varmen på Sanderplassen med å «sjaue» utstyr frå lageret til sjukehuset. I tillegg er også prosjektet i Zululand fullført med godt resultat, og kanskje får vi presseoppslag på det og…
Ei hovudsak gjennom året har vore tilbakevendande drøftingar rundt medlemsutvikling og kva ein kan gjere for å rekruttere fleire. Dette er ei utfordring i Førde Rotaryklubb tilliks med fleira andre klubbar.
Vårt mangeårige medlem Jon Lavoll gjekk bort i året som gjekk, og klubben heidra han med merksemd i gravferda.
Presidentskifte i Førde Rotaryklubb
ENIVEST på Rotarymøte 3. febr. 2020
Møtet har tema: ENIVEST, status og utviklingsplaner ved Christiane Ulriksen.
SERTIFISERING AV Førde rotary for å gjennomføre lokale og internasjonale prosjekt med støtte frå "the rotary foundation"
informasjonsmøte for nye medlemer MÅNDAG 20. JANUAR
På informasjonsmøte om rotary møtte det fem personar, som får tilbod om å vere gjestar på nokre møter før dei tek stilling til om dei ynskjer å vere medlemer.
NYE SUNNFJORD KOMMUNE vart presentert på MØTE MÅNDAG 20. JANUAR 2020
Arbeidet med organisering av ny kommune er i rute. Organisatoriske endringar var klart våren 2019. Rutiner og system er på plass – tidlegare interkommunal infrastruktur har vore positiv medverkande til dette. Det har vore gjennomført leiaropplæring i fleire månadar.
Administrativ organisering utgjer 82 einingar. Sentraladminstrasjonen er sett saman av Stabsavd med underliggande einingar
· Service
· Personal og org
· SYS IKT
· Fagutvikling
· Kommuneadv.
· Rekneskap, lønn og skatt
· Næring og samfunnsutvikling
Dei andre etatane er etablert under kommunaldirektørane for:
·
Skule
·
Barnhage
·
Helse og
sosial
·
Omsorg
·
Kultur og idrett
·
Teknisk og miljø
Politisk organisering
Kommunestyre
45 representantar og klageutval med 5-7
representantar. Det er eige kontrollutval.
Vidare er det 4 hovudutval med 11 representantar i kvart. Oppvekst, Formannskap/plantutval,
Samfunn, kultur og næring og Helse og
sosial.
Kommunen har også lovpålagt ungdomsråd, eldreråd og KRNF (kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne).
Utfordringar:
- 4 stk - alle skal ha innbyggartorg for direkte kontakt med tenestekontor ev. direkte oppkopling til saksbehandler via videoløysing
- Lokale legekontor og helsestasjonar, samt ambulante tenester.
- Sjå på alternative tiltak i kommunehusa – kanskje etablere private innovasjonskontor for ulike einingar som ynskjer det.
Regionråd og samarbeid innan for Vestland fylke. Nye roller for Førde regionen i nytt fylke
Harmonisering:
Harmonisering av tenestene i tidlegare 4 kommunar:
- Lønsharmonisering
- Tenesteytingar – ulik organisering av helsetenest: Open omsorg vs. Institusjonsomsorg
- Omsorgstenesta – har også nokre ressurskrevjande brukarar
- Ressursbruk
- Avgifter og gebyr
- Kulturforskjeller: politisk, administrativ og samspelet politikk og administrasjon.
KOMMUNEDIREKTØR OLE JOHN ØSTENSTAD PRESENTERER NYE SUNNFJORD KOMMUNE (foto: Terje OLAV ØEN).
Økonomi
Netto driftsresulta i prosent av brutto driftsinntekter aukande frå 1, 25 % til 1, 75 % dei to neste åra. Stabilisering av lånegjelda og stabilisere disposisjonsfondet – 5,8 % av brutto driftsinntekter. Investeringsbudsjett i 2020: 162 mill. kroner. Mangler 40-50 mill kr. for å vidareføre drifta. Statlege overføringa er mindre enn forventa – om lag 8 mill kroner. Driftsbudsjett 2020: 2 mill.kroner.
Agenda Kaupang har gått gjennom heile drifta i Sunnfjord kommune. Innsparingsprosjekt
på kr. 12,5 mill kr i 2020 og 25 mill kr i 2021.
Eigedomskatt
Ca 75 mill kroner i 2019 for alle kommunane samla. Nye reglar vil gje reduserte inntekter for dette grunna regjeringa si målsetting om skattlegging ned mot 4 promille.
Demografi
Fødselstala vil gå ned framover , samstundes som det vert fleire eldre.
Påverkar og vekst og utviklingsmoglegheitane
i kommunen.
førde rotaryklubb vertskap for rotary round trip august 2020
I
august 2020 skal klubben være vertskap for Rotary Round Trip i vårt AG-område.
Deltakerne er ca. 10 ungdommer fra forskjellige land i alderen 16-18 år. Vår
klubb har ansvaret for å arrangere turen, herunder å være vertskap i to dager
fra ca 15. august.
aktivitetar i BOB - informasjon på møte 13. januar.
BOB har 170 tilsette og er organisert i 5 einingar. BOB forvalter 27 000 bustader. I Sogn og Fjordane er det m.a. 1200 bustader i Førde, 500 i Flora og vel 200 i Høyanger. I alt er det 530 bustadselskap og i gamle Sogn og Fjordane finn vi 120 av desse. 800.000 m2 næringseigedom vert forvalta.
BOB er totalleverandør av tenester knytt til etablering og drift av husvære. I alt har BOB 68.000 medlemmar.
Eigedomsutvikling og
nybygg i 2018: 152 husvære under bygging i prosjekta 1912 og Campbell.
Nyskapande tenking
gjennom klyngesamarbeid for teknologisk
nyskaping innan bustad og
eigedomsindustrien.
BOB ynskjer berekraftig utvikling – har tatt ut
relevante berekraftsmål av dei 17 som FN
har definert.
Sosial berekraft: Sosiale
tilhøve, miljø og klima samt økonomi.
I
Førde er Murihagen det siste prosjektet og der er planen etablering av
bustadblokker og «townhouses» - einebustadar med to til tre etasjer – nærast som
rekkehus, men frittståande. Plangrunnlaget er klart og ein søkjer no om kommunal
godkjenning.
Møte 17 oktober 2017
Bustadmarken i Sogn og Fjordane
Pål Anders Kårstad, dagleg leiar Eigedomsmekling i Sogn og Fjordane med 17 tilsette og 5 kontor ( Sogndal, Førde, Flora, Stryn og Eid/Sandane). Selskapet sel 450 eigedomar i året i Sogn og Fjordane.
Prisvekst på husvære nasjonalt er 10 %, i Sogn og Fjordane er det 10,3 %. Gjennomsnittleg kvm pris i Sogn og Fjordane er kr. 24 000 og i Førde er den kr. 31.000. Lægst er Nordfjord med kr. 19000 og høgst Sogndal med kr. 37.000. Median pris for bustad i Sogn og Fjordane er ca 2.5 mill. kroner.
Omsetnadsmengda av husvære vert igjen spegla også i prisnivå. Låg omsetning (mangel på hus) gjev høgre prisar. Det er forventa framleis lågt rentenivå dei første åra. Etterspørselen er høgre enn tilbodet. Sterk prisvekst vil mest truleg halde fram. Dette vil skape større skille (usosial budstadpolitikk) mellom folk
Foto Terje Olav Øen
Møte 5 september 2018
Polen som turistland og 3-minuter
Leon Haugsbø kom i sin 3-minutter inn på refleksjonar knytt til kunnskap og visdom. Kunnskap og tilgang til dette har endra seg mykje, men gjeld det også visom. Visdom og kunnskap er ikkje det same. Kunnskap endrar seg, visdom er tidlaus og kan nyttast kun til de gode. Kunnskap kan nyttast både til gode og vonde handlingar.
Polen som turistland
Malgorzata Tveit, som er medlem i Førde
Rotary, og fødd i Polen tok oss med på ei feriereise i Polen, der målet ikkje
var dei store og kjende byane som
Warshava og Krakow, men meir for oss nordmenn, ukjende byar som Sopot,
Gdansk. Wenecja med togmuseum og ein av
fleire dinosaurparkar, Rogow, Biskupin (eldste byen i Europa) , Hel som ligg på
ei 35 km lang halvø
For meir informasjon klikk her
Foto Terje Olav Øen
Møte 22 august 2017
Tradisjonen tro har vi en utflukt til Hundsrasta i august, som en fin start på det nye Rotaryåret. Godt fremmøte, og hyggelig å hilse på vår utvekslingsstudent Ian fra Minnesota for første gang.
Jostein T. og Leon badet, og Jostein A. fortsatte helt til topps på Hafstadfjellet. Foto: Rolf Thingvold
Distriktsguvernøren til møte 15 augusT 2016
Distriktsguvenør Tore Rykkel frå Os hadde lagt sitt første møte som DG til Førde Rotaryklubb denne mandagen. Oppmøte var ikkje så stort denne kvelden i Biblioteket på Scandic Sunnfjord Hotel, noko som ikkje er uvanleg så tidleg i august der alle ikkje er ferdige med ferien. Men det var eit godt møte, der Tore Rykkel orienterte litt om arbeidsmål og forventningar til klubben i sitt guvernørår.
Mottoet til verdspresidenten, John F. Germ frå Chattanooga, Tennessee, USA for arbeidsåret 2016/17 er Rotary Serving Humanity. Medlemane vart oppfordra til merke seg dette, og at klubben har det med i sitt arbeid. Vidare vart også klubben oppmoda til å forsøke å auke rekruttering, delta i internasjonalt arbeid og vurdere alternative måter å gjennomføre møter på.
På møtet deltok også utvekslingsstudenten i klubben, Ian James Rubish (17) frå Owatonna, Minnesota, USA. Han presenterte seg kort for klubbmedlane.
Årsmøte 20 juni
Årsmelding skal
orientere om arbeidet som klubben driver og gi en oversikt over de
viktigste hendelsene i løpet av året, samt regnskap og budsjett. For å
lese ÅRSMELDING FØRDE ROTARYKLUBB 2015-2016 Klikk her
egoforedrag Malgorzata Anna Tveitpå møte 22. febr.
Ego foredrag fra Malgorzata Anna Tveit: Hun fortalte om besteforeldre og foreldre og oppvekst i Polen i byen Chelm. Videre om barnehage (hvor interesse for musikk og piano oppstod), skole og speideraktivitet. Hennes aktivitet i en folkemusikkgruppe, spill i Warszawa distrikts musikk ensemble. En god og innholdsrik barndoms- og ungdomstid som bestod av musikk - øving - musikk. Studier på musikkhøyskolen i Lodz og spill i filharmonien med internasjonale oppdrag. Flyttet til Norge og Jølster i 1995, dirigent i SkeiVass koret, rektor på musikkskolen i Gaular. Fra 2006-2008 drev hun møbelbutikk. Tilbake i Lodz i Polen 2009-2012 med bl.a. norskundervisning for polske arbeidere. Tilbake til Førde i 2012, og jobber nå med formidling mellom polske og norsk selskap.
Foto: Rolf Thingvold
jan ove hafstad om førde volleyball klubb på møter 15. febr.
Jan Ove Hafstad fra Førde Volleyballklubb. Hafstad fortalte om kl
ubben (FVBK) sin historie fra oppstarten i 1974. FVBK er en Dugnadsklubb hvor ingen spiller er større enn klubben. Alle bidrar, ingen spiller mottar lønn, alle deltar på dugnader, og de har gode grunnverdier som gjennomsyrer alt arbeid i klubben. 7 cupfinaler (3 seiere), seriemester samt et nordisk mesterskap, gjør Førde og FVBK til det ledende volleyballmiljøet i Norge.
Foto: Rolf Thingvold
Møte 18. januar handlar om lærlingeprogramma i sogn og Fjordane
Jorunn Kirketeig (leiar ved opplæringskontoret), orientere om alle dei ulike lærlingeprogramma vi har i Sogn og Fjordane.
Vidare om alle dei ulike alternative vegane frem til eit fagbrev innan ei rad med yrker. Det er viktig med status og fokus på nødvendige og tradisjonelle handverkarfag, og ikkje berre dei akademiske.
Foto: Rolf Thingvold
Klubbmøte
11. januar
Frank
Rune åpna møte med 4-spørsmålsprøva, og spesielt knytte til «1. Er det
sanning?» og «2. Er det rettferdig for alle det vedkjem?»
Deretter
introduserte han i tur og orden:
· Arnljot på vegne av Medlemskomiteen: Rekruttering 2016.
·
Peter på
vegne av Samf. komiteen: Sosiale arrangement.
·
Ole
Magnar på vegne av Programkomiteen: Status program 1. halvår.
·
Jon
orienterte om status for Jubileumsskriv til 50-års jubileet.
Ellers
vart det orientert om status og planar for vårt 50-års jubileum i 2016.
Møte 4. januar 2016
Guvernørbesøk: DG Jostein By kom heim til sine eigne Rotarianarar i dag.
Han formidla sine erfaringar etter 6 månader som guvernør og mange klubbesøk i D2250.
Vidare om Rotary Int. og Distriktet sine mål for dette Rotaryåret, samt gode erfaringar og innspel til Førde RK.
Foto: Rolf Thingvold
Møte 21. desember
Møte: På Førde Gjestehus og Camping v/ Bjørn Inge Geithus
Bestyrer og gode rotarianer Bjørn Inge tok oss vel imot med kaffe og kringle.
Han tok oss med på ei reise gjennom Campingplassane i Norge si historie og utvikling.
Deretter ei orientering om Førde Gjestehus og Camping i "tall og fakta", deira utvikling og vidare planar framover. Imponerande bedrift!
Til slutt eit lite mini ego-foredrag om hans oppvekst i Vik, skule i Sogndal og om korleis han havna i Førde.
Og om han store internasjonale engasjement og hjelp/ bidrag til studentar frå utviklingsland, slik at dei får seg utdanning.
Takk for oss, og takk for eit flott og varmt besøk.
Foto: Rolf Thingvold
møte 9. november 2015
Terje Olav Øen orienterte om innføringen av felles nasjonalt legevaktnummer 116117 i Norge.
Før hadde alle kommunene hvert sitt telefonnummer til legevakten. Ett felles nummer 116117 er lett å huske, og det vil bidra til at tryggheten for folk flest øker. Fastlegen skal fremdeles være hovedkontakten inn i helsetjenesten. Legevakten skal hjelpe dersom fastlegen ikke er tilgjengelig. Ved livstruende tilstander skal alle ringe 113.
116117 er europeisk standard for legevakt, og er allerede innført i Tyskland og Østerrike. Nummeret er gratis å ringe.
Foto: Rolf Thingvold
møte 2. november
Presentasjon av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Kjell Sandnes
Stiftinga vart etablert i 2010. Kjell snakka om organisering og
formålet med stiftinga, og ideen til Sparebankane. Formålet til stiftinga er å gjere fylket til ein rikare og betre plass
å bu, samt fremje mangfald, trivsel og utvikling. Sparebanken/ Sparebankstiftinga har som mål å vere ei drivkraft i
fylket. Fylket har ei hovudutfordring; vi blir stadig eldre i 24 av 26
kommunar, og ungdommen flyttar ut. Gåvene blir difor meir og meir retta mot strukturtiltak mot
næringslivet. Det er viktig å skaffe fleire arbeidsplassar. Støtte til ideelle og allmennyttige formål står framleis sterkt. I 2015
vart 16 millionar delt ut i gåvemidlar.
Møte 26. oktober:
Rolf Sanne-Gundersen orienterte om status og framtidsutsikter for flyplass strukturen i Sunnfjord. Han er engasjert av kommunane som soknar til Førde Lufthavn, Bringeland. Han viste til trafikktal og statistikk, og til samtaler med både Widerøe og Avinor. Muligheter og begrensninger for Bringeland, og Avinor sin krav til innsparing i åra som kjem.
Foto: Rolf Thingvold
Møte 19. oktober:
Besøk på Mo Jordbruksskule (no Mo og Øyrane vidaregåande skule). Orientering frå tidl. rektor Trygve Jakobsen (no rådgjevar) om skulen si historie tilbake til 1850 talet. Rektor Liv Horvei orienterte om samanslåing av Mo og Øyrane, og om alle dei ulike studietilbode dei tilbyr. Eit flott besøk, god servering - og det er alltid kjekt å "kome heim" til ein av våre eigne medlemmar.
Foto: Oddleiv Apneseth
møte onsdag 14. oktober
Intercitymøte Florø – Førde Rotaryklubbar
Ca 25 personar, om lag likt mange frå
Florø og Førde , møtte til bedriftsbesøket hjå
BG Norge (www.bg-group.com).
Oljeselskapet er lokalisert på Fjord Base i Florø.
Logistics Logistics & supply Base Manager: Rolf Pedersen tok vel imot og informerte på framifrå vis om selskapet og forsynigstenesta dei har til Knarrfeltet
Foto: Jostein Tjugum
Knarr is BG Group’s first floating vessel development in the North Sea
møte mandag 5. oktober
Presidentskifte i Førde Rotaryklubb
Frank-Rune Ås (t.v.) overtok 5. oktober som president i Førde Rotaryklubb etter forgjengaren Rolf Thingvold.
MØTE MANDAG 14. SEPTEMBER:
EM i Vektløfting i Førde 2016
Besøk av Stian Grimseth, president i arr komiteen for EM i vektløfting i Førde april 2016. Stian fortalte om sjølve arrangementet og organiseringa av dette, som går over vel ei veke med til saman 6-700 gjestedøgn. Ca 280 utøvarar i 15 ulike vektklassar skal delta. Dette er også siste mogelegheit for å kvalifisere seg til Rio OL i 2016. Heile Sunnfjord vil bli involvert, og arrangøren legg opp til mykje opplevingar også utanfor Førdehuset kor all konkurranse føregår.
TV2 Sportskanalen skal saman med Eurosport sende tv-bilde frå Sunnfjord til over 300 millionar sjåarar
møte Mandag 7. september:
Ego-foredrag fra Øyvind Høstaker.
Spanande, engasjert og eit ærleg foredrag om flytting til Førde og oppveksten her i 70-åra, under «Klondyke-åra» Førde med bl.a. åpning av Ankerløkken, Førdehuset og Førde Sentralsjukehus. Vidare fortalte Øyvind med stor innleving om ein ferietur som 20 åring gjennom Sahara i ein gamal bil, utdanning i Bergen, læraryrke på Sunnfjord Folkehøgskule, alvorleg sjukdom og seinare vellukka rekonvalesent, om å reise seg, sette seg mål og ikkje gje opp. Resultat; Kilimanjaro!
Om vikariatet hjå Førdefestivalen og jobben sin p.t. i Den Kulturelle Skulesekken i S og Fj Fylkeskommune. Ei fantastisk fin historie.
Takk Øyvind!
møte mandag 30. august:
Vi hadde vi besøk av tidlegare Rotarianer Halvard Møgster som tok oss med på Pilgrimsvegen til Satiago de Compostela. Halvard har vore på mange turar til denne vegen og delte med oss sine tankar, opplevingar og møte med andre pilgrimar. Han fortalde gav tips om kav etappar det er lurt å starte med, tidsbruk, mat og overnatting. I tillegg gav han oss tips om kva utstyr ein bør ha med på ein slik tur og framlegg til litteratur ein kan lese på førehand for å vere best mogleg rusta til turen. Det var mange som nytta høvet til å ta med ektefellen til dette møtet.
Møte mandag 24. august:
Klubbmøte.
Amadou Jallow (CICO) lanserte vår nye heimeside. Sida byrjar å ta fin form, og den skal vere eit godt redskap kor vi etter kvart skal finne all nødvendig Rotary informasjon om klubb, distrikt og om Rotary generelt.
Leon Haugsbø orienterte om TRF, og kva TRF er. Han presenterte vidare 4-5 ulike prosjekt vi som klubb kan engasjere oss i. Styre prioriterer og kjem tilbake til klubbe b ed si anbefaling.
Til slutt orienterte Jostein By (DG) om programmet på Distriktskonferansen i Førde 25.-27. sept.
Møte 17. august
Dagens møte 17. august: Spennende foredrag fra IKT Sikkerhetssjef Jarle Øen, om organisering og moderne teknologi vedr. bruk av Telemedisin i Helse Førde og i Sogn og Fjordane.
Statsråd Bent Høie ble veldig imponert under forrige ukes besøk, og beskriver løsningen som best i landet.
Foto: Rolf Thingvold
ÅRSMELDING FØRDE ROTARYKLUBB: Årsmelding skal orientere om arbeidet som klubben driver og gi en oversikt over de viktigste hendelsene i løpet av året, samt regnskap og budsjett. For å lese ÅRSMELDING FØRDE ROTARYKLUBB 2014-2015
SEREMONIER OG RAMMER FØRDE ROTARYKLUBB
VEDTEKTER FOR FØRDE ROTARYKLUBB