LAURDAG 13. AUG. KJEM
9 UNGDOMAR TIL SUNNFJORD DER FØRDE ROTARYKLUBB SKAL VERE VERTSKAP FRAM TIL
MÅNDAGS FORMIDDAG. OPPGÅVER ER FORDELT TIL KLUBBMEDLEMANE OG EIN HAR KNYTT
KONTAKT TIL SUNNFJORDSUNGDOMAR I SAME ALDERSGRUPPE.
Opphald på
Jølster med grilling og vassaktivitetar, felles kulturell matlaging i Førde og
tur til Hafstadfjellet på søndag og leik og andre felles aktivitetar på Førde
Gjestehus og camping på ettermiddag og kveld.
Værmeldinga
lover betring og vi vonar ungdomane får eit kjekt opphald i Førde og Sunnfjord,
før dei skal vidare til Florø og Bergen.
Ved hjelp av teori, gruppeøvelser, diskusjon og refleksjon får deltagerne fokus på hvordan de påvirker andre og andre påvirker dem. Gjennom diskusjon med erfarne bedriftsledere i gruppearbeid og paneldebatt, får deltagerne belyst aktuelle problemstillinger og spørsmål.
Seminaret gjennomføres i en inkluderende atmosfære hvor deltagere i alderen 19-27 år fra forskjellige miljøer og bakgrunn kan lære av hverandre og få nyttige impulser og kontakter. Meir informasjon - sjå https://rylavest.no/ og ta kontakt med presidenten i Førde Rotary Klubb.
Sommercamp med utanlandske studentar skjer helga 13. til 15. august –oppgåver er fordelte og det vert ei samordningsmøte på Førde camping onsdag 10. august. Meir om dette, men fint om så mange som mogeleg vil delta. Det vert såleis møtefri den 15. august, og så er det vanleg Rotarymøte 22.aug. kl. 19:30. Styret vert innkalla til kl. 19.00. Meirprogramsoppsett kjem etter kvart.
Frå Skei til hytta til Olav ( Jostein, Arnljot og Frank Rune). Grilling (lunsj), båtliv og sosialt fellesskap.
Bilførarane blir på hytta og hjelper Olav med aktivitetane der og Olav tek ansvar for å handle inn til grillinga
Så til Førde camping og Innkvartering. Her skal deltakarane handle inn matvarer på Coop for at dei saman skal lage måltidet for
kvelden. Vi reknar med tida går med til innkvartering på hytta, laging av mat. Måltid og sosialt fellesskap. (Bjørn Inge og Ole Magnar) Ro i leiren kl 23.00. Søndag 14. aug 08.00 – 09.30 Frukost og nistesmøring (Bjørn Inge og Ole Magnar) QA
Avreise til Hafstadfjellet ( Rolf og Per Arne) kl. 10.00 Vi køyrer til Langeland og går over Hunsrasta til toppen. Nede ved Hunsrasta ca kl 14.00. Det blir også med ungdommar frå Førde. Grilling på Hunsrasta og tid for bading og ev. andre aktivitetar (Terje Olav og Gunnar). Klargjer for grilling og handlar inn nødvendige matvarer. Kveld på Førde camping med servering av pizza og «å vere saman». Ulike aktivitetar m.a. hesteskokasting. Alternativ til aktivitetar søndag viss dårleg ver: Bowling og Sunnfjordparken /Trampoline. 23.00 Ro i leiren. Måndag 15. aug 08.00 – 09.30 Frukost (Bjørn Inge og Per Arne) 10.30 Avreise til Florø (Frank Rune, Per Arne og Ole Magnar)
Ein vil ha eit opplegg med reise frå Bergen til Nordfjord og opphald der før vidare reise til Sogndal, Førde og Florø. Ungdomane som kjem frå ulike europeiske land skal vere to dagar kvar stad og overnatting skjer hjå i Førde på Førde Gjestehus og Camping. Rotaryklubben gleder seg til å møte ungdom frå ulike land i verda og ynskjer dei velkomen til Sunnfjord, Vestland og Sogn og Fjordane. Av aktivitetar i Sunnfjord nemner vi tur til Jølstravatnet med vassport og grilling, tur til Hafstadfjellet og småturar i nærområdet.
På årsmøte i juni overtok Jostein Tjugum presidentklubba frå avågande klubbpresident Bjørn Inge Geithus. Ei god årsmelding gav ei god oppsummering av god aktivitet i året sjølv om også klubben har vore råka av restriksjonar knytt til pandemien. Økonomien er i balanse.
Klubben si største utfordringer er å auke medlemstal og har prøvd ulike tiltak for at det skal lukkast. Det er planar om vidare arbeidet for å betre rekrutteringa.
Foto: Terje Olav Øen
Vi får besøk av Rune Fossum måndag 23. mai kl. 1930 der han snakkar om juibileumsboka som handlar om Førde Idrettslag 1920-2020. Bilblitoteksentralen skriv dette om boka:
Jubileumsbok for ein hundreåring. Førde IL blei danna av nokre ungdommar i 1920. Dette er historia om eit idrettslag som i dag tel over 2000 medlemmar. Boka føljer utviklinga frå trenig og konkurransar under enkle forhold til Førde IL blei eit fullbarka idrettslag som har markert seg både nasjonalt og internasjonalt. Boka inneheld møte med ein rekke personar knytta til idrettslaget, og deira historiar om trening og konkurransar.
Utekontakt Tove Nedrebø og ungdomskoordinator Eli Britt Danielsen frå Sunnfjord
kommune orienterte om tilbod for ungdomar og unge vaksne i kommunen. Mange
tiltak er allereie på plass og det vert arbeidd med fleire tiltak, m.a.
fritidssenter i Naustdal og på Skei tilsvarande som Løa i Førde. Tiltaka er
populære hjå ungdommen og omfattar også skuleungdom på vidaregåande skule og
høgskule.
Kommunen
har også eige ungdomsråd med 2 representantar frå kvar skuel med ungdomstrinn
og vidaregåande skule. Der er også to representantar oppnemnd av
ungdomsorganisasjonar i Sunnfjord.
Kontaktmedier
er TikTok, Insta og Snapchat som er tipp topp for å få rask respons, Jobben til
utekontakt Tove Nedrebø handlar om å jobbe aktiv ut mot ungdom og passe på at
dei blir høyrt og må bruke dei plattformene ungdommane brukar.
Jan Knudtzon Sommerfelt-Pettersen er norsk kontreadmiral og tidlegare sjef for Forsvarets sanitet. Han starta si legeverksemd som turnuskandidat ved Førde sentralsjukehus. Idag arbeider han som spesialrådgjevar i Helse Bergen innanfor feltet beredskap ved Haukeland Universitetssjukehus.
Sommerfelt-Pettersen er også ivrig rotarianer og var president i Bergen Rotary klubb i perioden 20/21.
Foto: Forsvaret
Hei gode
Rotarymedlem og rotarianar. Då har vi klubbkveld i morgon 21. mars i
kubblokalet.
Jostein og
Terje Olav orienterer om PETS på Voss som har vore i helga. Mange gode innspel
og tanker vart presentert - Førde Rotary har same utfordringane som dei andre
klubbane - og noko må gjerast ellers forvitrar vi.
Det må vere
bærekraftig var eit av signala frå distriktssamlinga.
Rolf
innleiar på klubbens ve og vel - framtidsplanar og visjonar.- medlemsrekruttering
og medlemspleie.
Koleis kan
vi bli synlege i lokalmiljøet - korleis engasjere sunnfjordingar i Rotary ?
Minner også
om promoteringsfilmen
for Rotary som de finn her:
Ta gjerne
med nokon - og tenkt gjennom kva du meiner er viktig for klubbdrifta.
3-minuttar:
Leon
FIRDA OG A-PRESSA PÅ DAGENS MØTE
Redaktør Kai Åge Pedersen tek opp tema kring Firda og A-pressen 14. mars kl. 19:30. Pedersen har lang erfaring som journalist og medieleiar og kom frå NRK til Firda 1. desember 2018 som ansvarleg redaktør.
Kom og ver med - redaktøren likar godt spørsmål !
Short Term Youth Exchange (sommerleirer, camps, familieutveksling) har en varighet på et par uker og oppover til noen flere uker. Med unntak av familieutveksling er det ingen utveksling forbundet med dette programmet. Den som sender ut en ungdom har ikke krav om å ta imot. Den enkelte klubb kan sende ut flere ungdommer. Det er ingen kostnader for klubben ved å delta i dette programmet.
Sommerleirer (camps) er et tilbud der ungdom fra forskjellige land deltar. I de fleste tilfellene bare en fra hvert enkelt land og det er en blanding av gutter og jenter. Barn av rotarianere kan delta. Varigheten på dette tilbudet er cirka 14 dager. Det er Rotary som står som arrangør og har ansvar for samlingen. De fleste er gratis for deltageren, men utgifter til reise, forsikring og lommepenger må deltageren dekke selv
https://d2250.rotary.no/no/sommercamps-og-roundtrips#.YiVCXHrMJaQ
Personalsjef Atle Reidar Sandnes var i klubben og orienterte om stiftinga Musea i Sogn og Fjordane på Rotarymøte 7.februar.
Musea har 165 tusen gjenstandar i si forvaring.
I 2019 var det 58 00o besøkande, og i 2020 var dette redusert til halvparten - truleg pandemieffekt.
Samla omsetning er på 68 MNOK.
Musea ha 69,5 årsverk inkludert sommarhjelp. Administrasjonen utgjer 15 % av desse. I Norge er gjennomsnittet på adm.tilsette 22%.
Tor Martin Leknes er avdelingsdirektør for kunst.Han orienterte om Sogn og Fjordane kunstmuseum som er lokalisert i Førde, Eikåsgalleriet og Astruptunet i Jølster og Sogn kunstsenter i Lærdal.
Det er store planar for eit besøksenter ved Astruptunet i Jølster som skal vise fram Nic. Astrup sine bileter. Senteret vil ligge i nærleiken og det vil også gje auka tilgjengeligheit for alle.
https://www.firda.no/astruptunet/
Arild Fleten fra BKK (tidligere Sunnfjord Energi) møtte oss 24. januar og gav oss innsikt i kraftbransjen.
Han orienterte om nett, investeringer, beredskap, mv.
BKK er ein del av Eveny kosernet og har fokus på å arbeidet for morgondagens løysingar idag.
Fleten gav ei god orientering om kraftleverandørar og Nordpool spot marknaden, samt vassdrag, vasskraft,vindkraft og distribusjonsnett til privat og industriell bruk. Likeins vart både eksport og import av energi omtala.
Rolf Thingvold går for DG i 24/25
Rolf Thingvold er nominert som Distriktsguvernør i perioden 24-25.
Vi ynskjer lukke til med oppgåva og tek med den siste æresutnemninga som Rolf fekk på julemøtet, Førde Rotary klubb sin Rotekopp.
Klubbkveld i klubblokalet
Måndag 17.januar kl.
19:30 møtest vi til klubbkveld og Kahoot. Tema er planlegging for
sesongen, rekruttering og andre tiltak. Styret startar sitt styremøte kl. 18:00.
Høgskulen på Vestlandet (HVL)- Ambisjonar og profil 2023: Universitet
med klar profesjons- og arbeidslivsrelevans
Høgskulen har 5 campusar der Førde er den minste med 950
studentar og 100 tilsette. Til saman har høgskulen ca. 16 600 studentar og ein
samla stab på mest 2 000 tilsette. Anne-Grethe Naustdal er pro-rektor for utdanning.
Høgskulen har 5 fakultet leia av Dekanar og pro-dekanar. I
Førde sit dekan Randi Skår og har ansvar for helse- og sosialvitskap som
omhandlar helse- og omsorgsvitskap, helse og funksjon samt velferd og
deltaking. Under dette fakultetet ligg også sjukepleieutdanninga som ein finn
både i Førde, Bergen og på Stord. Årleg
vert det utdanna 4.500 nye kandidatar frå høgskulen. Den største gruppe er
ingeniørar (475) teitt etterfylgt med 450 sjukepleiarar. Samla utdannar
høgskulen 675 barnehage- og grunnskulelærarar. Vidare er det 250 kandidatar som
har økonomi og administrasjon og vel 100 som har utdanning i sosialt arbeid.
Høgskulen på Vestlandet, som søker om å få universitetsstatus
hausten 2022, har i alt 44 bachelor utdanningar, 26 masterutdanningar og 5
program for Ph.d. (doktorgradsstipendiatar).
Høgskulen legg vekt på fleksible, praksisnære og heilskapelege studieløp. Ein har både heiltid, deltid, desentralisert- og samlingsbasert utdanning i tillegg til nettbasert undervising og utdanning på ulike campus, samt at ein ser på undervisiningshubar, dvs. studielokalar desentralisert kor ein kan ha eit studentmiljø.
Naustdal peika på at regionen bør heie på HVL som er
fleire av dei uteksaminerte studentane frå HVL har arbeidsstad andre stadar på Vestlandet enn i Bergen
Pro-rektor Anne-Grethe Naustdal
Det er ikkje berre på Vie, kor ein finn ingeniør- og sjukepleiarutdanninga, ein har Campus i Førde. Campus Verftet på Øyrane er eit samarbeid mellom HVL, Fylkeskommunen (Fagskulen) og Sunnfjord kommune
Godt Nyttår
På Rotarymøte 6.des. 2021 deltok prosjektleiar Bente Hauge med
løypemelding og gjekk m.a gjennom nærings- og marknadsanalysen som er gjort i
Sunnfjord. Det er sett på næringsliv, omsetnad, investeringas og
utdanningsinstitusjonar.
Urbane Førde
har god infrastruktur og det meste er lett tilgjengeleg. Her er gode
utdanningsinstitusjonar med høgskule og fagskujle og utdanningstilbod tilpassa
behova i næringslivet.
Førde sine 5
styrker er omtalt slik:
Gjennom lysbileter, tekst og tale gav Leon eit interessant foredrag om Jerusalem, Betlehem, Jeriko, Dødehavet og vidare til Telaviv og Middelhavet.
Vi høyrde om jødedom, kristendom og islam og israelittar og palestinarar. Vi hadde ein spanande reise og var innom Tempelhøgda med kapell med flotte utsmykkingar laga av mosaikk, klagemuren, Jesus grav, Golgata, Getsemane og Jordanelva.
Oddvar
Huseklepp frå Sunnfjord idrettsråd vitja oss 18. oktober. Sunnfjord Idrettsråd
er eit Fellesråd for alle idrettslaga i kommunen. Det vart stifta 28.oktober 2019
og registrert 24. jan. 20 med eige organisasjonsnummer. Leiar er Jan Magne
Herstad. Rådet sitt arbeid er å vere bindeledd mellom idrettslaga og kommunen.
Førde
Arena er eit prosjekt knytt til tilbygg/ombygging av Førdehuset, samt eventuell
tribuneplass” for fotballbanene. Ein
arbeider med plan om ny symjehall og ny hall for friidrett, ulike ballspel
(ikkje fotball) turn, samt buldre og klatre-vegg.
Kanskje skal
ein også prøve noko nytt . Etter ein studietur til Danmark har ein fått ide om «enkel»
mosjonsaktivitet. Planen for start og vidareføring av aktivitetane er også
avhengig av ei godkjent løysing for Førdepakken ved Førdehuset.