NYHETER

NYHETER


Møte  17 oktober

Bustadmarken i Sogn og Fjordane

Pål Anders Kårstad, dagleg leiar Eigedomsmekling i Sogn og Fjordane med 17 tilsette og 5 kontor ( Sogndal, Førde, Flora, Stryn og Eid/Sandane). Selskapet sel 450 eigedomar i året i Sogn og Fjordane.

Prisvekst på husvære nasjonalt er 10 %,  i Sogn og Fjordane er det 10,3 %. Gjennomsnittleg kvm pris i Sogn og Fjordane er kr. 24 000 og i Førde er den kr. 31.000. Lægst er Nordfjord med kr. 19000 og høgst Sogndal med kr.  37.000. Median pris for bustad i Sogn og Fjordane  er ca 2.5 mill. kroner.

Omsetnadsmengda av husvære vert igjen spegla også i prisnivå.  Låg omsetning (mangel på hus) gjev høgre prisar. Det er forventa framleis lågt rentenivå dei første åra. Etterspørselen er høgre enn tilbodet. Sterk prisvekst vil mest truleg halde fram. Dette vil skape større skille (usosial budstadpolitikk) mellom folk

  

Foto Terje Olav Øen


Møte 5 september

Polen som turistland og 3-minuter

Leon Haugsbø kom i sin 3-minutter inn på refleksjonar knytt til kunnskap og visdom. Kunnskap og tilgang til dette har endra seg mykje, men gjeld det også visom. Visdom og kunnskap er ikkje det same. Kunnskap endrar seg, visdom er tidlaus og kan nyttast kun til de gode. Kunnskap kan nyttast både til gode og vonde handlingar.

Polen som turistland

Malgorzata Tveit, som er medlem i Førde Rotary, og fødd i Polen tok oss med på ei feriereise i Polen, der målet ikkje var dei store og kjende byane som  Warshava og Krakow, men meir for oss nordmenn, ukjende byar som Sopot, Gdansk.  Wenecja med togmuseum og ein av fleire dinosaurparkar, Rogow, Biskupin (eldste byen i Europa) , Hel som ligg på ei 35 km lang halvø   

For mer informasjon klikk her 

Foto Terje Olav Øen



Møte 22 august

Tradisjonen tro har vi en utflukt til Hundsrasta i august, som en fin start på det nye Rotaryåret. Godt fremmøte, og hyggelig å hilse på vår utvekslingsstudent Ian fra Minnesota for første gang.

Jostein T. og Leon badet, og Jostein A. fortsatte helt til topps på Hafstadfjellet. Foto: Rolf Thingvold

Møte 15 augus Bilderesultat for Tore Rykkel

Distriktsguvenør Tore Rykkel frå Os hadde lagt sitt første møte som DG til Førde Rotaryklubb denne mandagen. Oppmøte var ikkje så stort denne kvelden i Biblioteket på Scandic Sunnfjord Hotel, noko som ikkje er uvanleg så tidleg i august der alle ikkje er ferdige med ferien. Men det var eit godt møte, der Tore Rykkel orienterte litt om arbeidsmål og forventningar til klubben i sitt guvernørår. Mottoet til verdspresidenten, John F. Germ frå Chattanooga, Tennessee, USA for arbeidsåret 2016/17 er Rotary Serving Humanity. Medlemane vart oppfordra til merke seg dette, og at klubben har det med i sitt arbeid. Vidare vart også klubben oppmoda til å forsøke å auke rekruttering, delta i internasjonalt arbeid og vurdere alternative måter å gjennomføre møter på.


På møtet deltok også utvekslingsstudenten i klubben, Ian James  Rubish (17) frå Owatonna, Minnesota, USA. Han presenterte seg kort for klubbmedlane.



Årsmøte 20 juni

Årsmelding skal orientere om arbeidet som klubben driver og gi en oversikt over de viktigste hendelsene i løpet av året, samt regnskap og budsjett. For å lese ÅRSMELDING FØRDE ROTARYKLUBB 2015-2016 Klikk her

 

Møte 22. febr.

Ego foredrag fra Malgorzata Anna Tveit: Hun fortalte om besteforeldre og foreldre og oppvekst i Polen i byen Chelm. Videre om barnehage (hvor interesse for musikk og piano oppstod), skole og speideraktivitet. Hennes aktivitet i en folkemusikkgruppe, spill i Warszawa distrikts musikk ensemble. En god og innholdsrik barndoms- og ungdomstid som bestod av musikk - øving - musikk. Studier på musikkhøyskolen i Lodz og spill i filharmonien med internasjonale oppdrag. Flyttet til Norge og Jølster i 1995, dirigent i SkeiVass koret, rektor på musikkskolen i Gaular. Fra 2006-2008 drev hun møbelbutikk. Tilbake i Lodz i Polen 2009-2012 med bl.a. norskundervisning for polske arbeidere. Tilbake til Førde i 2012, og jobber nå med formidling mellom polske og norsk selskap.

 Foto: Rolf Thingvold

 

 Møte 15. febr.

Jan Ove Hafstad fra Førde Volleyballklubb. Hafstad fortalte om klubben (FVBK) sin historie fra oppstarten i 1974. FVBK er en Dugnadsklubb hvor ingen spiller er større enn klubben. Alle bidrar, ingen spiller mottar lønn, alle deltar på dugnader, og de har gode grunnverdier som gjennomsyrer alt arbeid i klubben. 7 cupfinaler (3 seiere), seriemester samt et nordisk mesterskap, gjør Førde og FVBK til det ledende volleyballmiljøet i Norge.

Foto: Rolf Thingvold

 

Møte 18. januar

Jorunn Kirketeig (leiar ved opplæringskontoret), orientere om alle dei ulike lærlingeprogramma vi har i Sogn og Fjordane.
Vidare om alle dei ulike alternative vegane frem til eit fagbrev innan ei rad med yrker.  Det er viktig med status og fokus på nødvendige og tradisjonelle handverkarfag, og ikkje berre dei akademiske.

Foto: Rolf Thingvold
 

Klubbmøte 11. januar

Frank Rune åpna møte med 4-spørsmålsprøva, og spesielt knytte til «1. Er det sanning?» og «2. Er det rettferdig for alle det vedkjem?»

Deretter introduserte han i tur og orden:

·         Arnljot på vegne av Medlemskomiteen:  Rekruttering 2016.

·         Peter på vegne av Samf. komiteen: Sosiale arrangement.

·         Ole Magnar på vegne av Programkomiteen: Status program 1. halvår.

·         Jon orienterte om status for Jubileumsskriv til  50-års jubileet.

Ellers vart det orientert om status og planar for vårt 50-års jubileum i 2016.

 

Møte 4. januar 2016

Guvernørbesøk: DG Jostein By kom heim til sine eigne Rotarianarar i dag.
Han formidla sine erfaringar etter 6 månader som guvernør og mange klubbesøk i D2250.
Vidare om Rotary Int. og Distriktet sine mål for dette Rotaryåret, samt gode erfaringar og innspel til Førde RK.

Foto: Rolf Thingvold


Møte 21. desember

Møte: På Førde Gjestehus og Camping  v/ Bjørn Inge Geithus
Bestyrer og gode rotarianer Bjørn Inge tok oss vel imot med kaffe og kringle.
Han tok oss med på ei reise gjennom Campingplassane i Norge si historie og utvikling.
Deretter ei orientering om Førde Gjestehus og Camping i "tall og fakta", deira utvikling og vidare planar framover. Imponerande bedrift!
Til slutt eit lite mini ego-foredrag om hans oppvekst i Vik, skule i Sogndal og om korleis han havna i Førde.
Og om han store internasjonale engasjement og hjelp/ bidrag til studentar frå utviklingsland, slik at dei får seg utdanning.

Takk for oss, og takk for eit flott og varmt besøk.

Foto: Rolf Thingvold

 

møte 9. november 2015

 

Terje Olav Øen orienterte om innføringen av felles nasjonalt legevaktnummer 116117 i Norge.
Før hadde alle kommunene hvert sitt telefonnummer til legevakten. Ett felles nummer 116117 er lett å huske, og det vil bidra til at tryggheten for folk flest øker.  Fastlegen skal fremdeles være hovedkontakten inn i helsetjenesten. Legevakten skal hjelpe dersom fastlegen ikke er tilgjengelig. Ved livstruende tilstander skal alle ringe 113.
 116117 er europeisk standard for legevakt, og er allerede innført i Tyskland og Østerrike.  Nummeret er gratis å ringe.


Foto: Rolf Thingvold

 

 

møte 2. november

Presentasjon av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane v/ Kjell Sandnes

Stiftinga vart etablert i 2010. Kjell snakka om organisering og formålet med stiftinga, og ideen til Sparebankane. Formålet til stiftinga er å gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu, samt fremje mangfald, trivsel og utvikling. Sparebanken/ Sparebankstiftinga har som mål å vere ei drivkraft i fylket. Fylket har ei hovudutfordring; vi blir stadig eldre i 24 av 26 kommunar, og ungdommen flyttar ut. Gåvene blir difor meir og meir retta mot strukturtiltak mot næringslivet. Det er viktig å skaffe fleire arbeidsplassar. Støtte til ideelle og allmennyttige formål står framleis sterkt. I 2015 vart 16 millionar delt ut i gåvemidlar.

 

 

Møte 26. oktober:

Rolf Sanne-Gundersen orienterte om status og framtidsutsikter for flyplass strukturen i Sunnfjord. Han er engasjert av kommunane som soknar til Førde Lufthavn, Bringeland. Han viste til trafikktal og statistikk, og til samtaler med både Widerøe og Avinor. Muligheter og begrensninger for Bringeland, og Avinor sin krav til innsparing i åra som kjem.

Foto: Rolf Thingvold



Møte 19. oktober:

Besøk på Mo Jordbruksskule (no Mo og Øyrane vidaregåande skule). Orientering frå tidl. rektor Trygve Jakobsen (no rådgjevar) om skulen si historie tilbake til 1850 talet. Rektor Liv Horvei orienterte om samanslåing av Mo og Øyrane, og om alle dei ulike studietilbode dei tilbyr. Eit flott besøk, god servering - og det er alltid kjekt å "kome heim" til ein av våre eigne medlemmar.


Foto: Oddleiv Apneseth



møte onsdag 14. oktober

Intercitymøte Florø – Førde Rotaryklubbar

 

Ca 25 personar, om lag likt mange frå Florø og Førde , møtte til bedriftsbesøket hjå  BG Norge (www.bg-group.com).

Oljeselskapet  er lokalisert på Fjord Base i Florø.

 Logistics Logistics & supply Base Manager: Rolf Pedersen tok vel imot og informerte på framifrå vis om selskapet og forsynigstenesta dei har til Knarrfeltet

Foto: Jostein Tjugum

Knarr is BG Group’s first floating vessel development in the North Sea

 

 

 

 

 

møte mandag 5. oktober

Presidentskifte i Førde Rotaryklubb

 

Frank-Rune Ås (t.v.) overtok 5. oktober som president i Førde Rotaryklubb etter forgjengaren Rolf Thingvold.

 

 

 

 

 

 

MØTE MANDAG 14. SEPTEMBER:

EM i Vektløfting i Førde 2016

Besøk av Stian Grimseth, president i arr komiteen for EM i vektløfting i Førde april 2016Stian fortalte om sjølve arrangementet og organiseringa av dette, som går over vel ei veke med til saman 6-700 gjestedøgn. Ca 280 utøvarar i 15 ulike vektklassar skal delta. Dette er også siste mogelegheit for å kvalifisere seg til Rio OL i 2016. Heile Sunnfjord vil bli involvert, og arrangøren legg opp til mykje opplevingar også utanfor Førdehuset kor all konkurranse føregår.

TV2 Sportskanalen skal saman med Eurosport sende tv-bilde frå Sunnfjord til over 300 millionar sjåarar

 

 


 

møte Mandag 7. september:

Ego-foredrag fra Øyvind Høstaker.

Spanande, engasjert og eit ærleg foredrag om flytting til Førde og oppveksten her i 70-åra, under «Klondyke-åra» Førde med bl.a. åpning av Ankerløkken, Førdehuset og Førde Sentralsjukehus. Vidare fortalte Øyvind med stor innleving om ein ferietur som 20 åring gjennom Sahara i ein gamal bil, utdanning i Bergen, læraryrke på Sunnfjord Folkehøgskule, alvorleg sjukdom og seinare vellukka rekonvalesent, om å reise seg, sette seg mål og ikkje gje opp. Resultat; Kilimanjaro!  

Om vikariatet hjå Førdefestivalen og jobben sin p.t. i Den Kulturelle Skulesekken i S og Fj Fylkeskommune. Ei fantastisk fin historie.

Takk Øyvind!

 Foto: Rolf Thingvold

 

 

møte mandag 30. august:

Vi hadde vi besøk av tidlegare Rotarianer Halvard Møgster som tok oss med på Pilgrimsvegen til Satiago de Compostela. Halvard har vore på mange turar til denne vegen og delte med oss sine tankar, opplevingar og møte med andre pilgrimar. Han fortalde gav tips om kav etappar det er lurt å starte med, tidsbruk, mat og overnatting. I tillegg gav han oss tips om kva utstyr ein bør ha med på ein slik tur og framlegg til litteratur ein kan lese på førehand for å vere best mogleg rusta til turen. Det var mange som nytta høvet til å ta med ektefellen til dette møtet.

 

 

 

 

 

Møte mandag 24. august:

Klubbmøte.

Amadou Jallow (CICO) lanserte vår nye heimeside. Sida byrjar å ta fin form, og den skal vere eit godt redskap kor vi etter kvart skal finne all nødvendig Rotary informasjon om klubb, distrikt og om Rotary generelt.

Leon Haugsbø orienterte om TRF, og kva TRF er. Han presenterte vidare 4-5 ulike prosjekt vi som klubb kan engasjere oss i. Styre prioriterer og kjem tilbake til klubbe b ed si anbefaling.

Til slutt orienterte Jostein By (DG) om programmet på Distriktskonferansen i Førde 25.-27. sept.

 

Møte 17. august

Dagens møte 17. august: Spennende foredrag fra IKT Sikkerhetssjef Jarle Øen, om organisering og moderne teknologi vedr. bruk av Telemedisin i Helse Førde og i Sogn og Fjordane.
Statsråd Bent Høie ble veldig imponert under forrige ukes besøk, og beskriver løsningen som best i landet.

 Foto: Rolf Thingvold

ÅRSMELDING FØRDE ROTARYKLUBB: Årsmelding skal orientere om arbeidet som klubben driver og gi en oversikt over de viktigste hendelsene i løpet av året, samt regnskap og budsjett. For å lese ÅRSMELDING FØRDE ROTARYKLUBB 2014-2015 

 klikk her

 

 

SEREMONIER OG RAMMER FØRDE ROTARYKLUBB  

klikk her

 

 

VEDTEKTER FOR FØRDE ROTARYKLUBB

 klikk her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa
Adresse: 3. etasje
Postnummer: 6800
Sted: Førde
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30:00
Møtespråk: no

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...